Erfaring etter landbruksplast-befaring i veke 22 -2018

lesja med kirka gronn - Klikk for stort bilde Felles landbrukskontor for Lesja og Dovre hadde landbruksplastbefaring i veke 22. Store delar av begge bygder vart synfare.

Det generelle inntrykket er at det er skjedd ei positiv endring slik at mindre plast ender opp som forurensing i kulturlandskap og i vassdrag. Dette er positivt. Men stadig ligg det nokre gamle rundballar med plast og noko plastavfall rundt omkring. Det understrekast at landbruksnæringa sjølv har ansvaret for eige næringsavfall. Landbruksavfallet skal leverast til godkjent mottak.

Forurensing i landbruket gjev dårleg omdømme for heile næringa og for heile grendelag. Det er også skadeleg for dyr og miljø. Næringsutøvarar oppmodast til å fortsette den positive utviklinga med auka fokus på at landbruksplast skal brukast på en medviten og riktig måte.

Når rundballar ikkje kan brukast som fôr må plast og nett av – og avhendast på lovleg måte. Og  gammalt gras må komposterast på eigna stad.

J. O. Moen (landbruksplasthenting): 712 23 250 eller jo-moen.no

Nord-Gudbrandsdal renovasjon (mottak): 61 24 21 00 eller ngr.no

Kontakt

Mats Heidsve
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 11
Mobil 917 33 693