Dialogmøte mellom italienske NATO-styrkar og Lesja kommune

Italia - Klikk for stort bilde Heidi Skaug/Lesja kommune Dei italienske styrkane som skal delta i NATO-øvinga Trident Juncture har etablert leirområde på Vidfloten. I samband med etableringa inviterte ordførar Mariann Skotte leirleiinga til dialogmøte på kommunehuset. 

Møtet starta med at ordføraren orienterte om Lesja kommune.  Rådmann Heidi Skaug orienterte om kva kommune har å tilby i form av tenester, fritidstilbod, naturopplevingar, lokalmatproduksjon m.m.  HOF-sjef Therese G Hole forklara for italienarane omkring helseberedskap.

Oberstløytnant Cosenza er øverstkommanderande i leiren på Vidfloten, og han fortalte at dei hadde fått svært positiv mottaking i Lesja.  Dei ser utfordring i stor avstand til viktige samfunnsfunksjonar, spesielt innan helsesektoren. 

Cosenza inviterte kommuneleiinga til å besøke leiren.

Kontakt

Rigmor Bøe
Forvaltning- og utviklingssjef
Telefon 61 24 41 23
Mobil 904 03 758