Busetting av flyktningar

I løpet av hausten kjem det to nye familiar til Lesja – dei første har alt kome. Det er ikkje mykje dei har med seg når dei kjem til bygda, og det er mykje som skal til for å etablere seg i ein heim.

flyttelass - Klikk for stort bileteflyttelass Har du møblar som ikkje er i bruk og som framleis er godt  brukbare, og som du vil gje burt eller selge rimeleg?

 

 

Det kan til dømes vere sofa, bord, kjøkenbord og stolar, småmøblar, senger (for lause madrasser) sprinkelseng, lenestol, kommode, TV, skrivepult osb.

Kjøkenutstyr, sports- og turutstyr, gardiner,  tepper og andre tekstilar, barnevogn, klede og leiker er også aktuelt. (Det er familiar med born i alle aldrar, frå nyfødd til ungdomar)

Alt må vere reint og heilt.

 

Ta kontakt med Flyktningetjenesten v/Brit Holen

Tlf. 900 31 688     E-post: brit.holen@lesja.kommune.no