Breiband på Joramo

Då kommunane i Nord-Gudbrandsdal fekk statleg støtte til utbygging av fiber i fjor, var det Joramo som var utpeikt som utbyggingsområde i Lesja. I går kveld hadde Telenor invitert husstandane til møte.

 

Bygge fiber i NGD - Klikk for stort bileteBygge fiber i NGD

Det var Telenor som vann konkurransen om det store utbyggingsprosjektet i regionen. Dei har no lagt fram planar og tilbod til dei som bur i området. Dei som tegnar abonnement no får eit særskild pakketilbod det første året.

Ordførar Mariann Skotte ønskte velkomen, og dei som hadde arbeidd med søknaden om tilskott deltok. Tilskottet gjer at tilkoplingsavgifta pr husstand vert mykje lavare enn den elles er i grisgrendte strok.

Entreprenøren, Relacom, deltok og i møtet og gjekk gjennom arbeidet som skal gjerast og innbyggarane fekk informasjon om planar for si tomt.

Det var ope for bestilling av abonnement på staden, men dei som ikkje var på møtet kan sjølv gå inn på denne lenka for å bestille eller finne meir informasjon om prosjektet:

info.canaldigital.no/fiber/nord-gudbrandsdal

 

 

Lenka gjeld dei adressene som er registrert i prosjektet (som har fått brev frå Telenor), og lenka ligg ute eit par veker.