Breiband på Bjorli?

Hjelp oss med kartlegginga. Di attendemelding kan vere avgjerande for kva tid breibandet kjem fram til deg.

Lesja kommune har tidlegare kartlagt ønske om utbygging i heile kommunen i samband med regionale søknadar. No prøver vi å definere og avgrense delprosjekt og innhentar informasjon vi treng som grunnlag for søknad og/eller kunngjering.

I denne runda vil vi ha attendemelding frå alle som bur, har hytte eller verksemd med postadresse Bjorli.

Bruk det elektroniske skjemaet vårt og send inn ditt svar innan 10. desember.