- Eg har ikkje opplevd noko konsertlokale i distriktet med så god akustikk, seier den stolte leiaren av Hedmark og Oppland Musikkråd.
Frå dag ein har Trond Eklund Johansen fylgd planlegginga og bygginga av det nye kulturhuset på Lesja. Det som opprinneleg var gymsal og samfunnshus, er i løpet av vinteren og våren bygd om til det formannen i Livsløpsstyret i Lesja, Ronald Kikut, kallar bygdas nye storstue. På festdagen i går, var det stoler til 230 gjester. Unge talent frå Lesja og Lesjaskog, kor og korps, revygrupper og bluesband serverte underhaldning med sin varmaste takk for den sterke kultursatsinga.
-Det var eit kjempefint program som fekk fram kvaliteten og bredda. Vi er imponert, og vi er rørt, sa Trond Ekland Johansen til GD umiddelbart etter framsyninga.
Slitast i filler
- Skulle heimbyen min bygd noko tilsvarande, måtte Vikingskipet blitt dobbelt så stort, seier Johansen for å illustrere storsatsinga på Lesja. Han håpar det nye kulturhuset ikkje blir ståande på stas. Det må slitast i filler, ynksjer han, og takkar for sitt hyggelegaste oppdrag på lenge.
-Vi har hatt spesielt godt samarbeid med Lesja kommune. Vi tenke akustikk frå første dag. Legg merke til det stillegåande ventilasjonsanlegget. Sjå på taket og veggplatene. Alt er gjort for å bere fram lyden optimalt til publikum, forklarer Eklund Johansen.
Han er spent på om det nye kulturhuset som er under bygging på Otta blir like godt ?.
Stort engasjement
Det er fire år sidan politikarane og administrasjonen starta planlegginga av det som offisielt er blitt Lesja idretts- og kulturhus. Dagen i går var ein stor milepæl i Lesjas kultursatsing. Ordførar Per Dag Hole beskreiv det komplette og kompakte anlegget med skulen, biblioteket, studiesenteret, svømmehallen, idrettshallen, øvingsrom for musikk- og kulturskulen. 25 millioner kroner har eit av dei finaste anlegga i heile regionen kosta, fastslo ordføraren.
-Eit stort løft for ein liten kommune. Men vi hadde ikkje råd til å la det vere. Resultatet er eit viktig bevis på at vi har tru på framtida, seier han.
- Nådd målet vårt
Hole takkar alle; Lesja skule, lag og foreiningar, ja alle involverte, for stort engasjement. Han framheva Roar Nilstad i Lesja og Dovre Byggconsult, Dombås Bygg og alle underentreprenørane, sin eigen rådmann Stein Løkken og hans administrasjon.
-Vi har nådd målet vårt; - nemleg å skape moglegheiter for enda fleire, sa Hole på dagen som alle gratulerte kvarandre med nybygget.
Den unge programleiaren, Nora Heidsve (16), hadde eit stjernelag på scena.
-Det var ei stor ære. Vi har så mykje å vera stolt av i Lesja, seier Nora.
Kilde: GD v/ Vidar Heitkøtter