Publisert 24.03.2017

Kommunane møter høge forventingar til kommunale digitale tenester frå innbyggarane, tilsette og næringslivet. Det er og eit auka krav til effektivisering og krav om digitale tenester frå myndigheiter og andre samfunnsaktørar.

For å møtte desse krava og forventingane har dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen gått saman om eit digitaliseringsprosjekt for å lage ein Digitaliseringsstrategi.  

Publisert 23.03.2017
Illustrasjon KommIT digitalisering

- Den digitale postkassa også?

Hugs at viktig post frå nærare 400 statlege verksemder og kommuner no blir sendt til din digitale postkasse. Når brev har hamna i ei digital eller ei fysisk postkasse, er det mottakaren sitt ansvar å opne og å lese brevet. 

Publisert 14.02.2017
Hjertestarter illustrasjon

No finnast det hjertestartar på Bjorli.

Private initiativ  og fleire sponsorar har nå sytt for at det har kome på plass ein hjertestartar på Bjorli.

Den er plassert på YX Bjorli.. Hjertestartaren er tilgjengeleg i YX si opningstid 08 (09)-22.00.

Det skal etter planen monterast eit varmeskap utanfor YX slik at hjertestartaren er tilgjengeleg heile døgnet.

Det finnast hjertestartarar føljande andre stader i Lesja kommune:

  • Lesja legekontor – Lesja sentrum
  • Lesja skule (svømmehall og samfunnshus)
  • Lesjaskog skule
  • Lesjaskog brannstasjon
Hugs alltid å ringe 113 når det står om liv!
 
Viktige telefonnummer:
Medisinsk nødsentral  113
Legevakt 116 117
Politi - 112
Brann - 110
Lesja legekontor (08-15.30) 61 24 42 00
Publisert 07.02.2017

Telenor har inngått avtale om bredbåndsutbygging med seks kommuner i Nord-Gudbrandsdalen, og vil bygge fibernett til rundt 1100 husstander i regionen.  I tillegg pågår oppgradering fra 2G til 4G i mobilnettet i området.

Publisert 06.02.2017

Lesjatun skiftar ut den gamle telefonen med mobilar. Dei nye nummera er:

 

Frå 08:00 - 16:00 - 903 62 069

Frå 08:00 - 14:00 - 903 60 072

 

Det gamle fastnummeret vil bli sett over til mobil ei tid.