Publisert 22.11.2017

Erland Kirkebøen Husom frå Nasjonalparkriket kjem for å halde kurs i digital marknadsføring. Kurset går over to kveldar, og deltakarane bør delta begge kveldane.
Stad: I utgangspunktet tenkjer vi ein kveld på Lesja og ein kveld på Bjorli.
Måndag 8. januar kl 18 - 21
Måndag 15. januar kl 18 - 21
Dette er eit nybegynnarkurs der vi arbeider frå grunnen av og lærer om ulike verktøy samt noko teori.
Deltakaravgift kr 500. Medlemmer i Nasjonalparkriket får sponsa si deltaking.

Påmelding: nordveggen.no

Publisert 21.11.2017
Bjørg Nordset

Livsløpsstyret bestemte i møte 20. november at Lesja kommune sin kulturpris for 2017 tildeles Bjørg Nordset.

Publisert 20.11.2017
snøskuter

Minner om søknadsfrist for motorferdsel i utmark 1. desember 2017 for verneområda Reinheimen og Sunndalsfjella-Dovrefjell. 

Rettleiing og søknadsskjema

Publisert 17.11.2017
Julestemning i Marijampole

Det har vore tradisjon at barnehagebarn og skulebarn i Lesja har gjeve julegåver til barneheimen i Marijampole - og no er julegåveaksjonen i gang for 2017. Det er også mogleg for andre å bidra. I år kan du Vippse ei julegåve til  138997

Publisert 16.11.2017
KORPS Silje og Emil

Lesja kulturhus, laurdag 18. november kl. 19.00

Publisert 13.11.2017

Det er tid for ny søknadsomgang for tilskot til løyper og vinteraktivitet med meir. Retningslinene er revidert av forvaltningsstyret i sak 72/17 den 7.november 2017. Endringane kjem klart fram i vedtaket.

 

Søknadsfristen er 1.desember 2017. Søknadsskjema må nyttas, og sendas til postmottak@lesja.kommune.no eller Lesja kommune, postboks 53, 2665 Lesja.

For spørsmål ta kontakt med plan- og miljørådgjevar.

 

Publisert 10.11.2017
Bygge fiber i NGD

Telenor har fått opp nye nettsider for informasjon om ulike fasar i utbyggingsprosessen, der kundar kan søke opp si eiga adresse og få status på framdrift. Prosjektet er støtta med midlar frå NKOM via søknad frå kommunane i Nord-Gudbrandsdal.

Dei jobbar så raskt dei kan for å få fibernettet klart. Førebels ferdigdato vil vere i slutten av tredje kvartal i 2018.

Gå inn på lenka til nettsida her: https://kabel.canaldigital.no/fiber/fiberutbygging

Publisert 10.11.2017
en_IGP_4c[1]

Lesja kommune ynskjer å gratulere Bjorli Fjellmat med svært anerkjennande kvalitetsmerking frå EU.  Det er produktet "Fenalår fra Norge" som no mottek den høgaste kvalitetsmerkinga i EU-systemet i høve til geografisk opphav (PGI).  Bjorli Fjellmat mottek utmerkinga offisielt i Paris tysdag 14. november. 

I september vann Avdem gardsysteri og Avdemsbue prisen "Årets Lokalmatgrûnder".  Bak kåringa står Næringsorganisasjonen Hanen, avisa Nationen og Norgesgruppen.

Begge tildelingane er med på å "setja Lesja på kartet" og å fremje lokalmatproduksjon i Lesja generelt.

 

Publisert 08.11.2017
Rådmann Willy Sægrov

For å bli enno betre på innovasjon og levering av gode tenester, jobbar no Rådmannen og sektorleiarane med leiarutvikling. Det er viktig å vedkjenne at ein alltid kan ha noko å lære. Framover vil leiargruppa fokusere på å jobbe samla mot vår felles arbeidsvisjon «Levande Lesja». Utvikling er, og vil framleis vere, prioritert av Rådmannen, både innan tenester og næring. Vi skal hente inn idear i neste nyhendebrev (Idebank).

Publisert 03.11.2017

1. november var siste frist for å spreie husdyrgjødsel før vinteren. Været har vore ustabilt den siste tida. Det har kome meire snø og regn enn værvarslingane tilsa. Nedbøren har ført til at jorda er metta av vatn. Gjødselvareforskrifta fortel at kommunen kan gje dispensasjon til å spreie husdyrgjødsel etter fristen, men på grunn av dei klimatiske tilhøva og den metta jorda så skal det mykje til før kommunen gjev dispensasjon til å spreie husdyrgjødsel etter 1. november. Vi rår til at dei som har for liten gjødsellagerkapasitet undersøkjer om det kan leigast lagerkapasitet hjå andre.