Hopp til hovedinnholdet på siden
Hopp til nettstedskart
 

Plan for samarbeid mellom heimen og Lesjaskog skule.

08.09.2006
Rådsorgana - kontaktforeldra. Illustrasjonsfoto
Det formelle samarbeidet mellom heim og skule skjer gjennom arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU) og samarbeidsutvalet. FAU er samansett av kontaktforeldre og driv foreldrearbeidet ved skulen. FAU er representert i samarbeidsutvalet saman med lærarar, elevar og andre tilsette ved skulen. Samarbeidsutvalet har eit overordna ansvar for drifta av skulen.
Kontaktforeldra og kontaktlæraren/lærarane er ansvarlege for samarbeidet om det enkelte årstrinnet.
Kontaktforeldra har ein foreldreperm som inneheld elevliste, ein del viktige retningsliner for samarbeidet, FUG-materiell og møtereferat.
 
Konferansetimar.
Foreldra og eleven blir innkalla til konferansetime av kontaktlæraren 2 gonger i året. Andre lærarar kan delta saman med kontaktlæraren når det er ønskeleg. Konferansetimen er ein planlagt og strukturert samtale der ein også legg vekt på elevens eigenvurdering. Sjå forskrift til opplæringslova §§ 3-1 og 3-2. Til hjelp for å oppfylle krava til vurdering bruker vi standardiserte samtaleark som elevane får med seg heim før samtalane finn stad.
 
Årstrinnsforeldremøte.
Kontaktlæraren tek initiativ til at kvart årstrinn har minimum 2 foreldremøte i året. Kontaktlæraren og kontaktforeldra møtest i starten av skuleåret og legg opp plan for møta. Kontaktlæraren informerer om retningslinene for møta, men kan overlate det arrangementsmessige til kontaktforeldra. Det første foreldremøtet bør vere tidleg på hausten, i alle fall når elevane har ny kontaktlærar. I tillegg til dei to faste foreldremøta kan kontaktforeldra arrangere temamøte, samtalegrupper o.l.utan at læraren nødvendigvis treng vere med.
Innkalling til foreldremøte bør vere underteikna av kontaktforeldra. Kontaktforeldra leier møta og er ansvarlege for at det blir ført møtebok. Referatet skal sendast til alle heimane. Kontoret på skulen kan ordne det praktiske med kopiering og utsending. Aktuelle tema for foreldremøte: Årsplan, skulefag, leksearbeid, åtferdsnormer, m.v.
 
Foreldrerådsmøte.
Vi har foreldrerådsmøte, det såkalla "storforeldremøtet", kvart år. Tidspunkt og opplegg blir bestemt av arbeidsutvalet. Møtet vel kontaktforeldre og FAU for neste år. I tillegg er dette eit fellesmøte for foreldre og lærarar der vi tek opp aktuelle tema, gjerne med folk "utanfrå" som innleiarar.
Illustrasjonsfoto
 
Anna samarbeid.
Foreldre deltek i timar med sin spesialkompetanse t.d. i samfunnsfag, yrkesorientering e.l. Foreldre støttar elevmiljøet ved t.d. å invitere elevgruppa heim, arrangerer hyggekveldar e.l. Foreldredeltaking ved aktivitetsdagar - turar, idrettsdag, sykkeldag o.s.b. Bruk av foreldreressursar til beste for elevane  -  kunnskap, skyss, baking, underhaldning, omsorg m.v.
Webløsning: Columbiweb