ORDENSREGLAR FOR
LESJA SKULE
1. Samværsformer.
Alle i skulesamfunnet må leggje vekt på omsynsfull framferd og vise respekt for kvarandre. Mobbing og anna krenkjande eller sårande framferd er ikkje tillate. Ingen må oppføre seg slik at dei sjølve eller andre kan bli utsette for skade.
2. Trafikktilhøve.
Motorkøyrety skal parkerast på skulens parkeringsplass. På det indre skuleområdet må ikkje motorisert ferdsel gå føre seg utan særskilt løyve frå skulen. Elevar som bruker sykkel eller spark til skulen, set desse frå seg på anvist plass. Sykkel og spark skal stå urørt i skuletida.
3. Skulerområdet.
Området nær småskulen skal først og fremst brukast av elevane som har skule der. Eldre elevar som ikkje oppfører seg omsynsfullt, kan visast bort frå området. Elevane på 5.-7. årstrinn nyttar toaletta på vestsida av storskulen, ungdomsskuleelevane brukar toaletta på austsida. Grensene mot private eigedomar rundt skulen må respekterast.
4. Friminutta.
Mellom timane skal ingen vera i undervisningsrom, gangar o.l. utan særskilt løyve frå skulen. Toalett og garderobar skal ikkje vera opphaldsstad. Elevrådet i ungdomsskulen kan søkje om "innekontrakt". Det inneber at ungdomsskuleelevane på gitte vilkår får høve til å vere inne i austre klasseromsfløy i friminutta. Konkrete "innereglar" blir nedfelt i kontrakten. Elevar som skal vere inne i friminutta på grunn av sjukdom, må
ha med seg melding heimefrå. Fotballsparking er berre tillate på idrettsplassen og på grøntarealet aust for sløydsalen. Rullebrett er inntil vidare berre tillate brukt på asfalten aust for svømmehallen og skråninga opp til parkeringsnivået (Ikkje på hovudparkeringsplassen). Det same gjeld sparkesykkel. Rulleskøyter kan brukast på dei flate områda på skuleplassen når det skjer på ein omsynsfull måte. Snøballkasting
og snøbasing er berre tillate på område som skulen har anvist. Meldingsboka skal takast med på skulen alle skuledagar. Den som har ærend utanfor skuleområdet i skuletida, skal ha med seg skriftleg melding heimefrå i meldingsboka. Kan ikkje slik melding skaffast, skal eleven vende seg til undervisningsinspektøren. Eventuell melding skal skrivast i meldingsboka. Elevar på 10. årstrinn har i langfriminuttet høve til å gå utanfor skuleområdet
utan spesiell melding.
5. Bruk av mobiltelefon og andre ting som kan forstyrre undervisninga. Mobiltelefon eller anna privat elektronisk utstyr skal vere avslått i timane. Skulen kan beslagleggje gjenstandar som er til fare eller verkar forstyrrande i undervisninga. Kniv er ikkje lov å ha med seg på skulen. Mobiltelefonar blir beslaglagt ei veke dersom dei blir brukt ulovleg.
6. Helsemessige og hygieniske forhold.
Elevane må ha melding heimefrå dersom dei ikkje kan delta i kroppsøving. Skulen kan be om melding frå lege. Bruk av søtsaker, tyggegummi og brus er forbode i skuletida. Alle hjelper til med å halde det ryddig og reint på skuleområdet. Klassene har sine spesielle ryddeområde. For bruk av svømmehallen gjeld eigne reglar.
7. Behandling av skuleanlegg, materiell og privat eigedom.
Ver varsam med alt som tilhøyrer skulen. Skulen kan krevje skadebot. Andre sin eigedom skal få vere i fred. Unngå å ta med pengar og unødige verdisaker på skulen. Handel mellom elevane i skuletida er forbode. Unntak frå dette er sal som er drive i regi av skulen. Slikt sal må vere godkjend av rektor.
8. Fråvere.
Når ein elev er borte frå skulen på grunn av sjukdom, skal han ha med seg skriftleg melding frå foreldre/dei føresette første dagen han er tilbake på skulen. Dersom fråveret varer meir enn tre dagar, må skulen få melding om det. Dersom ein elev treng vere borte frå skulen av andre grunnar enn sjukdom, må foreldra/dei føresette be om løyve på førehand gjennom skriftleg melding i meldingsboka.
9. Tilsyn med sjuke elevar.
Dersom ein elev blir sjuk i skuletida, har læraren ansvar for at eleven får nødvendig tilsyn, at han blir sendt heim eller til lege. Når eleven blir sendt heim eller til lege, skal foreldra/dei føresette alltid ha beskjed.
10. Forbod mot tobakk og rusmiddel.
Det er forbod mot bruk av tobakk og rusmiddel på skuleområdet i skuletida og ved arrangement som skulen har ansvaret for.
11. Refsingstiltak.
Skulen sine refsingstiltak når ordensreglementet vert brote:
a) Påtale
b) Vere att etter skuletid (attsitjing). Skulen har tilsyn og ordnar skyss. Foreldra vert orienterte på førehand.
c) Overføring frå klassa/gruppa for ein del av timen/dagen til ein annan aktivitet eller eit anna tilsyn.
d) Bortvisning. Elevar på klassetrinn 8 - 10 som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar. Elevar på klassetrinna 1 – 7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Rektor vedtek bortvisning etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak. Foreldra til elevar
på klassetrinn 1 – 7 skal varslast før det blir sett i verk bortvisning for resten av dagen.
Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvisning, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.
12. Særskilte reglar. Det gjeld særskilte reglar for:
a) Elevtilstellingar b) Bruk av svømmehall, gymnastikksal og garderobe. c) Bruk av bibliotek.