Jordbruksarealet i Lesja er ca 40.000 dekar, og jordarten består i store delar av bygda av sedimentære avsetningar; sand, silt og leire. Jordbrukets kulturlandskap har ein mosaikk liknande utsjånad der liner i landskapet skapt av eigedomsgrenser, lebelter og randsoner mot vassdrag er karakteristisk. Dei fleste gardane ligg i sørvendt liskråning opp mot veg og bane med dyrka mark ned mot Lågen i dalbotnen. Lesja har eit fjellbygdsjordbruk med lange tradisjonar, men gardane
presenterar seg i dag med moderne driftsformer, hus, anlegg og infrastruktur av høg kvalitet.
Det største kultiveringstiltaket i Lesjas historie er senkings- og forbyggingsanlegget på
Lesjaleira. Det er aktiv drift på om lag 240 gardsbruk i bygda, og det grovforbaserte husdyrhaldet med mjølk- og kjøtproduksjon er dominerande.