Lesja har 100 lag og foreiningar og eit breitt kulturliv. Song- og musikklivet er rikt, og vi har eit levande teater- og revymiljø. Lesja og Dovre musikk- og kulturskule aktiviserer mange barn og unge. Handverks- og husflidstradisjonar står sterkt. Idrettslaga har mange aktive medlemmar – i alle aldrar.
Store område med vill og urørt natur gjev gode moglegheiter for turar til fots, på sykkel eller ski. Jakt og fiske er populære aktivitetar. Lesja Fjellstyre har 14 jakt- og fiskebuer i fjellet, som dei leiger ut. Lesja har over 230 fiskevatn og 180 kilometer med fiskeførande elvar.
I kommunen finst det to idrettsanlegg med status som fylkesanlegg: Bjorli alpinsenter og Vidfloten skytebane. Båe arenaene har fleire gonger hatt nasjonale arrangement som f. eks. NM i alpin og landsskyttarstevne. I tillegg til Vidfloten finst det to andre moderne skyteanlegg, med leirdue- og viltskyting. Det finst fleire skiløyper med ljosanlegg og ved Vidfloten ligg det ei tre kilometer lang asfaltert rulleskiløype.
Frå Bjorli flyplass blir det drive aktivitetar som fallskjermhopping, parahangliding og seglflyging. Ved flyplassen ligg det ei gokartbane og motorcrossbane. Det fins fleire ridesenter. Lesja har òg to svømmehallar.