Hopp til hovedinnholdet på siden
Hopp til nettstedskart
 

Lesja kyrkje

08.05.2007
[Kyrkjene] Lesja kyrkje.jpg

Lesja kyrkje er ei korskyrkje bygd i 1749. Ho er ligg midt i dalen og er synleg på lang avstand. Kyrkja har gjeve motiv til Lesja sitt kommunevåpen.

Kyrkja er særleg kjent for treutskjeringane gjort av Jakob Bersveinson Klukstad (1705-1773). Klukstad har skore ut både prekestol, korskilledekorasjon og altertavle i barokk akantusstil. Klukstad blir rekna for å vera ein av dei dyktigaste treskjerarane i Noreg nokon gong.

Klukstad måla òg dei opprinnelege benkevangane i Lesja kyrkje, men desse gjekk tapt i 1901. Da kyrkja vart restaurert på 1920-talet, måla Ragnvald Einbu benkevangar i same stil som dei opprinnelege. Einbu har òg måla takmåleria og skore ut fronten til orgelet.

Døypefonten i tre kjem truleg frå den gamle kyrkja som stod sør for Lesja prestegard. Her er det reist ein minnestein. Prestegarden ligg nedanfor Lesja kyrkje, ved fylkesvegen (vestsidevegen).

I samband med 250-årsjubileet vart kyrkja restaurert, blant anna vart tårnet reparert og det vart bygd nytt våpenhus. I jubileumsboka Lesja kyrkje 1750-2000 kan du lesa meir om historia til kyrkja. Boka kan bestillast frå Lesja kommune.

Lesja kyrkje er ope 10-17 kvar dag i sommarsesongen. Felles billett med Lesja bygdatun. Omvising er inkludert i prisen.

Inngangspris:
Enkeltbillett vaksne: 40,-
Born under 15: gratis
Sesongbillett: 100,-
Grupper (min 12 pers): 30,- pr person

Omvising kan bestillast på telefon 61 24 41 43 eller 61 24 31 53 (fax 61 24 41 04).

Andre spørsmål om kyrkjene: Lesja kyrkjekontor telefon 61 24 42 50.

Webløsning: Columbiweb