



Lesja Bygdatun ligg i dalbotnen nedanfor Lesja sentrum, like ved Lesja kyrkje. Tunet har 12 hus som gir eit bilde av byggesikk, buform og livskår i eldre tider, hovudsakleg frå 1700- og 1800-talet.. Husa har hatt ulike funksjonar: stuer, låvar, smie osv.
I sommarsesongen - frå ultimo juni til medio august - er bygdatunet ope kvar dag. Eit levande museum med mange aktivitetar, salsutstilling frå lokale kunstnarar og handtverkarar, kaffesal og servering av tradisjonsbakst.
Avtale om guida omvising utanom sesongen eller servering i stemningsfulle lokaler
Lesja Bygdatun har pedagogiske opplegg for enkelte klassetrinn i barne- og ungdomsskulen. Lesja Bygdatun leiger også ut lokaler til ulike arrangement og feiringar. Tunstugu AS står for all servering i bygdatunet.
Omvisning og anna opplegg i tilknytning til Bygdatunet tingast på tlf 61 24 41 43
Servering tingast fra Tunstugu på telefon 90 68 12 78 eller 61 24 10 23 / 90 09 88 87.
Ytterlegare informasjon:
Daglig leder, John Olsen Tlf: 61 24 31 53 eller Lesja kommune, Kulturkontoret tlf. 61 24 41 00 / fax. 61 24 41 04