Stortsett Minst

25.01.2012
storsett minst
Lørdag førstkomande klokka 12.00 blir det barneforestilling for dei aller minste på Lesja kulturhus.


"Stortsett Minst er ei oppleving for dei aller minste. Med bevegelse og objekt leikar vi med storleik og avstand, i møte med kvarandre og barna.
Små barn er lave, og ser verda frå eit... lavare plan. Dette gjev seg att i tittelen Stortsett Minst. Forestillinga handlar om at dei er minst i storleik, men kanskje ikkje på andre måtar. I framsyninga møter vi to personar, og saman utforskar dei høgdeforskjell, avstand i rommet og ulike
måtar å møtast på".

Publisert av: Martin Vorkinn
Webløsning: Columbiweb