"Knappar og glansbilde" til tilsette i Lesja kommune vart til gode gåver i Marijampole
11.01.2012
Julegåvene til tilsette i Lesja kommune vart i år gjeve til det kommunale sosialhjelpesenteret i Marijampole; vår venskapskommune i Litauen.
Sosialhjelpesenteret i Marijampole plukka ut familiar som skulle få motta gåver frå Lesja. Desse fire familiane slit ikkje med alkoholmisbruk og vald, men har havna i økonomisk uføre på grunn av den økonomiske krisa og stor arbeidsløyse. Dei har ikkje pengar til nødvendig hushaldningsutstyr, men gjer sitt beste for å skape gode oppvekstkår for barna.
Før jul besøkte ordførar Brazys, varaordførar Valancius og parlamentsmedlem Mitrulevicius familiane for å overlevere gåvene. For dei 5 tusen kronene som vart overført til Marijampole fekk tre familiar kjøleskap og ein familie fekk vaskemaskin.
Bilete frå overleveringa:
Publisert av: Martin Vorkinn